LastehundLASTEHUND UNGDOMSBEDRIFTTRANSPORT & SØPPELHENTING

Om oss

Om Lastehund

Ei lita, lokal ungdomsbedrift på Jæren – bak rattet står Lars Håkon.

Kven er eg?

Eg heiter Lars Håkon Haveland, og eg står bak Lastehund, ei ungdomsbedrift som tilbyr søppelhenting og transport av alt mogleg. Eg starta Lastehund fordi eg har alltid hatt lyst til å prøva å ha ei bedrift sjølv som eg kan drive på fritida mi. Målet mitt er å tilby ei enkel og påliteleg løysing for kundar som treng hjelp med transport, søppelhenting og andre oppdrag.

Eg held til på Bryne og Nærbø, og tek hovudsakleg oppdrag rundt på Jæren.

Kva tilbyr eg?

Gjennom Lastehund tilbyr eg mellom anna:

  • 🚛Transport av møbler, levering av større varer og mykje meir.
  • 🗑️Henting av søppel og avfall.

Eg prøver å vere fleksibel og tilpasse tenestene etter kva kunden treng.

Kvifor Lastehund?

Eg ønskjer å gjere det enkelt å få hjelp når noko skal fraktast eller hentast. Som ei lita lokal ungdomsbedrift kan eg tilby personleg service og direkte kontakt med kunden. Eg legg vekt på å vere påliteleg, effektiv og gjere ein god jobb på kvart oppdrag.

Visjonen min

Visjonen min for Lastehund er å drive eit lokalt og pålitleg transportfirma som transporterer alt mogleg. Eg ønskjer å byggje opp ei bedrift som kundane kan stole på, samtidig som eg får erfaring med å drive eiga bedrift og utvikle meg.

Måla mine

Måla mine med Lastehund er:

  • Å få til å drive ein bedrift
  • Å tilby ei pålitig løysing som kan stolast på
  • Å lære å drive ein bedrift

Litt om meg

Namn
Lars Håkon Haveland
Alder
16 år
Skule
Bryne vidaregåande skule
Ungdomsbedrift
Lastehund
Rolle
Eigar og dagleg leiar

Eg har ansvar for heile drifta av Lastehund, frå kundekontakt og planlegging til gjennomføring av oppdraga.

Kontakt

Har du behov for transport eller søppelhenting? Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer eit tilbod eller har spørsmål om tenestene mine.